Sigd

Sigd

Teaterkjeller'n, Oslo, , 0180 Oslo Directions

Wed 26.08.2026 18:00

Sigd er ei diktsamling skrive av Ruth Lillegraven, utgjeven i 2016. Boka er ei vakker skildring av eit menneske som prøver å leve opp til forfedras forventninger, men som blir nødt til å gå sin eigen veg. Vi følger odelsguten Endre, som veks opp på ein gard på vestlandet ein gong på 1800-talet. Snart skal han ta over, nett som far hans ein gong gjorde, og far hans igjen, og så bakover i generasjonar. Men noko er gale. Det er noko som har teke bustad i Endre sin kropp. Noko som gneg på ledda hans, og som legg seg oppå han med full tyngde og hindrar han i å arbeide. Ikkje greier han å føre slekta vidare heller. Kona Abelone blir stadig gravid, men noko barn kjem aldri til verda. Til slutt må Endre innsjå at livet ikkje vart slik det skulle bli. Så kven er han no? Om iscenesettinga: Skodespelarparet Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal har slått seg saman med musikar Sjur Miljeteig og laga ei nydeleg lesing av Sigd, forsiktig regissert av dramaturg Ingrid Weme Nilsen, med Ruth Lillegraven si velsigning. Framsyninga varar i om lag ein time og tjue minutt. Sigd hausta strålande kritikkar da boka kom ut, og vann Nynorsk Litteraturpris i 2016. Arrangementstidspunkt/konsertstart : 18:00 Dørene åpner : 60 min før Varighet : 80 min Servering : Øl / Vin Aldersgrense : 18 Ledsager: Hvis man har ledsagerbevis er man berettiget til ledsagerbillett. Bestilles på e-post til billett@oslonye.no. Gyldig ledsagerbevis må tas med og vises når man kommer på forestilling. Rullestol : Nei Parkeringsmuligheter : Nei Linker: Arrangørens nettside