OTTO JUNIOR BAND til Skånevik Bluesfestival
Verven 19 Skånevik, 5593 Skånevik, Norway, , 5593 Skånevik Directions
Thu 02.07.2026 20:00
Knallgutta i Otto Junior Band til Skånevik Bluesfestival! 🎸
Torsdag 2. juli kl. 20.00 spelar Otto Junior Band, eit ungt, rått og imponerande bluesband som verkeleg er på veg fram!
Otto Junior, vinnaren av Norsk Blues Union sitt stipend i 2025, stormar vidare på scener i Europa, og no også på festival i USA. Den 19 år gamle gitaristen og låtskrivaren har allereie markert seg sterkt med eit uttrykk inspirert av blues, soul, bluesrock og funk.
Med seg har han eit knallsterkt band:
🎸 Theis Jacob – bass
🥁 Ola Grindbakken – trommer
Begge er tidleg i 20-åra, men spelar blues som gamle meistrar!
Otto Junior har delt scene med store internasjonale namn som Christone “Kingfish” Ingram, Little Steven, Josh Smith, Kirk Fletcher, Matt Schofield, Mike Zito og Kid Andersen. Han er også ein del av Gibson-familien, og har spelt support for Slash, Billy Gibbons og Don Felder på NAMM i Anaheim.
Gjer deg klar for lynraske gitarløp, rå bluesrock, vakre originalar og fantastiske versjonar av Stevie Ray Vaughan-klassikarar. Dette blir ein konsert du ikkje vil gå glipp av! 🤩
📅 Torsdag 2. juli
🕗 Kl. 20.00
📍 Skånevik Bluesfestival
Performers
-
Skånevik BluesfestivalSkånevik Bluesfestival presenterer artister og opplevelsar i Skånevik med heile verden som målgruppe!