Gløymsle og omsorg - Birger Emanuelsen

Gløymsle og omsorg - Birger Emanuelsen

Lindeplassen, 5750 Odda, Norway, Lindeplassen, 5750 Odda Directions

Thu 10.09.2026 18:00

Vi får besøk av forfattar Birger Emmanuelsen, som i si siste bok, “Odysseen”, utforskar forholdet mellom ein son og ein pleietrengande dement far.

Når faren blir dement, tek sonen han med seg til hytta til familien ytst i havgapet. Her skal dei møte alderdomen og døden med grenselaus vilje, og ikkje nekte seg noko. Sonen veit at det ikkje vil bli lett, men er sikker på at det vil vere verdt det. Det må finnast eit liv utanfor velferda til fellesskapen. Dessutan har han lova faren det, om han hugsar det eller ei.

Emmanuelsen kjem til Sentralbadet litteraturhus for å snakke om verdigheit, styrke, velferdsstaten og gløymsla til dei gamle.

Performers