Vandreturné #4 - Haglebu fjellstue
Haglebu fjellstue, , 3359 Haglebu Directions
Sat 04.07.2026 18:00
Vandreturné #4 - Haglebu fjellstue
Fjelldans
Reinsjødansen, Raudmyrdansen, Vasetdansen, Raudalsféten – fjelldansane var sentrale møteplasser til fest og moro mellom ulike grendelag, og ein viktig plass for utveksling av felespel. Velkommen til ein konsert om fjelldans og fjelldansmusikk.
Gjesteartist er Steinar Strøm og Sigdal Spellemannslag. Steinar er ein kunskapsrik og engasjert formidlar av tradisjonsmusikken i Sigdal og Eggedal, han er ein eminent hardingfelespelar, og det er ein stor glede å få gjeste Haglebu med Steinar Strøm og Sigdal Spellemannslag som gjestearistar.
Konserten er på Haglebu Fjellstue laurdag 4. juli kl 18.00.
Vaksne: 200,- Ungdom(12-18)/student: 100,- Barn under 12 gratis.
Billettar kjøpast her: https://sivertholmen.ticketco.events/no/nb/e/vandreturn_4__haglebu_fjellstue
Konserten er støtta av Kulturrådet
Fellestur 1 (4. juli): Det blir open fellestur til Haglebunatten før konserten (ca 3 km, 500hm). Avgang frå Haglebu feriesenter 14.00 med Hilde Bergan som turleiar. På toppen møter de Sivert Holmen, og det blir litt prat og musikk der før turen går ned til Haglebu fjellstue. Der er det mogleg å kjøpe middag før konserten.
Fellestur 2 (5. juli): Sundag 5. juli blir det open fellestur og høve til å bli med på vandringa vidare. Fellesturen går frå Flatvollen med avgang 10.00 og vi går samla inn til Reinsjøfjelldansen (8 km). Ved Reinsjøfjelldansen blir det prat og musikk før folk kan vende snuta heimover.
Performers
-
Sivert HolmenSivert Holmen is one of the foremost performers of traditional Hardanger fiddle music in Norway. The Hardanger fiddle tradition from his home region, Valdres, is often where the music comes from, evolves around or what inspires him. Sivert combines the sound and tone from the best of the Hardanger fiddle world with the rawness of the folk dance. Delicate listening tunes where time almost stops and dance tunes that are impossible to stand still to form the core of his expression. Sivert released his debut solo album Jotunheimen in 2021, an album that brings together many of the best tunes from the Valdres tradition. In 2015 he was awarded Young Folk Musician of the Year with Bjørn Kåre Odde with the duo Odde & Holmen. He is also winner of Fureprisen (2016) and Øivind Berghs minnepris (2017). www.sivertholmen.no
-
Haglebu Fjellstue ASHaglebu Fjellstue helårsåpent! Kafeteria m/à la carte meny, stor pizzameny, Pub m/alle rettighete