Naustlandet - med Eva Røyrane

Naustlandet - med Eva Røyrane

Lindeplassen, 5750 Odda, Norway, Lindeplassen, 5750 Odda Directions

Thu 17.09.2026 18:00

Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

I dette føredraget fortel og viser Eva Røyrane, forfattar av boka Naustlandet, bilete frå den store naustreisa.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Finnmark i nord til Agder i sør på jakt etter nausta som pregar kystlandskapet i vårt vidstrakte land. Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis.

Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.

Velkommen til foredrag på Sentralbadet litteraturhus.

Performers