Åge Alene [UTSELD] | Rudi Gard
Rudi Gard, Rudivegen 40, 2647 Sør-Fron Directions
Sat Feb 13 2027 19:00
Åge Aleksandersen inviterer til ein personleg solokonsert der songane, historiene og mennesket bak dei står i sentrum. Åleine på scena, med gitarar og andre strengeinstrument, framfører han eit utval songar frå heile karrieren i akustiske versjonar, med plass til nyansane, detaljane og tekstane som ber dei.
Like mykje som ein konsert er dette ein kveld for forteljingane. Mellom songane deler Åge refleksjonar og erfaringar frå eit langt liv som songskrivar. Møte med menneske har alltid vore ei drivkraft i det han skriv, som inspirasjon, utgangspunkt og retning, og publikum får høyre korleis og kvifor songane vart til.
Dette er Åge Aleksandersen i sitt mest direkte format, der musikken, historiene og møtet med publikum får den plassen dei fortener.
Program for kvelden:
Kl. 17.00 – Ope gard. Fyr på peisen i Rudifjoset, opne barar og god plass til å sitje.
Kl. 18.30 – Innslepp i salen.
Kl. 19.00 – Konsertstart.
Etter konserten – Kålkalas i Rudifjoset. Ope bar med alle rettigheiter utover kvelden.
Les meir: https://www.rudigard.no/konsertar-og-billettar
Billettsalget opnar fredag 16.10 kl. 09.00.