Kyrkjekonsert med Bjelland og Mannskapet på Skånevik Bluesfestival

Kyrkjekonsert med Bjelland og Mannskapet på Skånevik Bluesfestival

Verven 19 Skånevik, Skånevik, , 5593 Skånevik Directions

Thu 02.07.2026 17:00

Bjelland og Mannskapet – ei musikalsk oppleving utanom det vanlige🤩😇

Bjelland og Mannskapet vart til våren 2020 i samband med salmedugnaden som sokneråda i Vindafjord sette i gang då pandemien stoppa aktivitet i kyrkjer og på kulturarenaer. Sveinung Bjelland – kjend mellom anna som frontfigur i Pakkers – vart utfordra til å spela inn ein musikkvideo for kyrkja sine digitale flater.

Saman med erfarne musikarar som Jon Ørnes, Anders Lunde, Arnt Ove Kvernenes, Dagny Christophersen og Svein Egil Økland (film) spelte han inn songen «Han tek ikkje glansen av livet». Videoen, som framleis ligg på YouTube, fekk svært gode tilbakemeldingar og førte til mange oppmodingar om å arrangera kyrkjekonsertar i same stil.

Sidan den gong har Bjelland og Mannskapet halde konsertar i kyrkjer, bedehus og pubar. Repertoaret består av Bjellands eigne songar, tradisjonelle bluegrasslåtar og salmar som har fått nytt liv i ei frisk og moderne innpakking.

Vokalist Dagny Christophersen, kjend for si særegne stemme og formidlingsevne, bidreg både med kor og soloinnslag som utvidar det musikalske uttrykket og løftar konsertane ytterlegare. Publikum kan venta seg ei varm, energisk og variert musikkoppleving der tradisjon møter nyskaping.

Bjelland og Mannskapet har førebels to låtar ute på dei fleste straumetenester.

Desse er med:

Sveinung Bjelland – gitar og vokal

Dagny Christophersen – vokal og kor

Jon Ørnes – banjo, dobro, mandolin, gitar

Arnt Ove Kvernenes – munnspel

Anders Lunde – oppreist bass

Performers

  • Skånevik Bluesfestival
    Skånevik Bluesfestival

    Skånevik Bluesfestival presenterer artister og opplevelsar i Skånevik med heile verden som målgruppe!