FÅ BILL&EKSTRA! Ingebjørg Bratland // Den Norske Opera & Ballett // Pres. av All Things Live
Oslo Opera House, Kirsten Flagstads Plass 1, 0150 Oslo Directions
Sun 08.11.2026 17:00
17:00 EKSTRAKONSERT
20:00 FÅ BILLETTER
Ingebjørg Bratland inntar Operaen i Oslo 8. november
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige.
Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko.
Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Dette er også høvet til at ho på nytt inntar hovudstaden sitt praktbygg med ei ny konsertoppleving for både nye og gamle fans.
Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.
Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.
Performers
-
Stageway
Stageway produserer og formidler kultur og underholdning. www.stageway.no
-
Drabant MusicNorwegian record company
-
Ingebjørg Bratlandhttp://ingebjorgbratland.no/
Booking: knut@allthingslive.com
-
Sony Music NorwaySony Music Norway - et av Norges største plateselskap.