Kva slags journalistikk treng smale sjangrar?

Kva slags journalistikk treng smale sjangrar?

FolkOrg v/ Ann Helen Erichsen, 0179 Oslo, Norway, FolkOrg v/ Ann Helen Erichsen, 0179 Oslo Directions

Fri Nov 20 2026 10:00

Fredag 20.november

Kl. 10:00

Intimscenen

85 år etter at Spelemannsbladet kom ut for første gong, er folkemusikkjournalistikken framleis eit lite, men viktig felt i norsk offentlegheit. Frå medlemsblad med kappleiksresultat og organisasjonsstoff til dagens magasin, nettavis og podkast har både folkemusikken og journalistikken endra seg. Men kva skal vi eigentleg med eit eige medium for folkemusikken? Kven skal skrive historia om sjangeren – og kor kritisk kan ein vere når ein sjølv er ein del av miljøet?

I dette jubileumsseminaret møter dagens og tidlegare redaktørar av Folkemusikk representantar for nye og etablerte former for musikkjournalistikk til ein samtale om kritikk, journalistisk sjølvstende, sjangergrenser, makt og framtida for den smale musikkjournalistikken.

Folkemusikken har aldri hatt fleire utgivingar, festivalar, konsertar, utdanningsinstitusjonar, profesjonelle utøvarar og offentlege diskusjonar enn i dag. Samtidig er det ikkje nødvendigvis meir journalistikk om feltet.

Kva slags journalistikk treng ein liten musikksjanger for å utvikle seg?

Deltakarar

Moderator: Anders L. Herfoss

Deltakarar: Kjellbjørn Karsrud, Knut Aastad Bråten, Mette Vårdal, Guro Kleveland,

Performers